Måndag 25.april var det 10 motorsyklister frå Holy Riders Sydvest som besøkte Yngres på Orre Bedehus. Der møtte ca 40 born i alderen frå 4.-7.klasse. Frode hadde andakt om Bønn – den ultimate trådløse forbindelsen, og fortalte om sine opplevelser med bønn og bønnesvar når han køyrde med hjelpesending til Ukraina. Wenche fortalte litt om kca Holy Riders er, og spelte trekkspel (som Frode frakta på ryggen – sjå bilde) og alle song: Ingen er så trygg i fare. Etterpå var det pølsekø ved grillen, og kø for dei som ville sitja på MC og få teke bilde! Nokon fekk også prøva gasshåndtaket og høyra på lyden ein av yngres-deltakarane sa: Når eg blir stor nok, då vil eg køyra motorsykkel og vera med i Holy Riders! Takk til alle som stilte opp og var med på besøket, særleg kjekt med dei under 50 som kom